Kystverket har gjort en formidabel jobb på fyret!
Første gang vi var inne i fyret tok Bjørn Relling oss med, og det var en flott følelse og komme inn i den gamle bygninga som vi hadde sett på på avstand.
Det såg trist ut inne, mørkt og kaldt og vi måtte ha lykt for å sjå, vi kunne ikkje gå inn i romma på sørsida, for der var det dårlig med golv.
Men vi såg med ein gong at her var det tross
alt flott! Nydlege fargar på panel og flotte former på romma.
Dette var i mars 2009.
Vi trudde vi skulle begynne i det små og pusse og skrape og mure, det blei begynt og fikse på trappe ute mellom anna.
Men heldigvis
har Kystverket, ved Bjørn Relling, som har vore vår kontaktperson på oppussing,gjort ein formidabel jobb med å få midler og få igang renovering av fyret.
Vi ville aldri kome i mål som forening, vi visste vel
ikkje kor stor jobb dette skulle bli!
Kystverket har skifta tak, dei har hatt en kjempejobb med å skjær ut vinduene, som var støpt igjen. Og dei murene er tjukke!
Der har vore lekkasje gjennom mange år,så golva
og veggane på sørsida av fyret var råtne.
Golv, tak og delvis panel på sørsida innvendig er no nytt. Dei nye vindua blei flotte!
Moloen er også utberda, og dei har lagt ut ei fylling ved sidan
av moloen for å beskytte denne.
Tusen takk til Kystverket som har tatt den store jobben!