Lepsøyrevets fyrvenner
mel. Dansen ut`på Sunnanø
På Lepsøyrevet står eit fyr og blinkar kvar ei natt
så båtane som går forbi tar kursen riktig fatt
For sjøen her har urein mark for turbåt, skip og
sjark
Men mange liv har berga seg, vårt fyr, du viste veg
Ja, mange liv har berga seg, for lyset viste veg
Så, Lepsøyrevets fyrvenner vil feire deg i dag
Eit landemerke samlar oss til fryd
og velbehag
Ja, kystkulturen har fått ein skatt vi sjeldan før har hatt
så vi skal passe på deg vi, frå no og ut vår tid
Ja, vi skal stelle med deg vi, frå no og ut vår tid
Dei tankane vi kjenner på ved lysets symbolikk
at nokon står der fast til hjelp i storm og havets blikk.
Dei fyller oss med respekt og tru – for leia viser du
No vil vi og ta vare på den vegen gjennom deg
No vil vi og ta vare på vårt vennskap gjennom deg
Til Kystverket vi seier takk, for ansvaret vi får
Vedlikehaldet skal vi ta på vinter som på vår
Og vi vil prøve å så
eit frø for trygge kystmiljø
Velkommen som ein Lepsøyrevets fyrvenn du og
Velkommen mellom Lepsøyrevets fyrvenner du og.
Tekst: Bernt Johannes Hildrestrand