Lepsøyrevet Fyr

Lepsøyrevet Fyr.

Lepsøyrevet med Fyr og naust. Yste naustet er nå borte, tatt av båra.

Fyrkommisnjonen av 1851 var bekymra for båttrafikken i sundet mellom Løvsøya og fastlandet.

Frå fastlandet og over til Løvsøya strakk det seg eit rev tvers over sundet.

Skipa kunne berre passere i ei smal renne, resten av revet sto som ein bom for båttrafikken.

Fyrskip.

Om dagen viste merkebøyer i renna kor leia gikk. Men båtane burde passere trygt om natta og. Slik kom det første fyrskipet i Norge til Lepsøyrevet i 1856.

Havari.

Fyrskipet sleit fortøyningane i ein storm alt året etter. Skroget fekk store skader og blei kondemnert. Ein konkluderte med at eit større skip måtte til for å stå av vinterstormane og den sterke straumen.

Nye fyrskip på plass.

Fyrlyset på det nye skipet blei tent den 8.januar 1858. Fartøyet var i bruk fram til 1867 då eit nytt skip tok over. Besetninga bestod av fyrvaktar, tre mann og ein gut.

Dyre i drift.

Det viste seg at fyrskip var dyre i drift samanlikna med landstasjoner.

Dei kravde meir mannskap og levetida var ikkje meir enn 8 - 10 år. Det blei difor foresått å byggje eit fyr på fastlandet.

Lepsøyrevet Fyr

Fyret i 2012, utan vindauge.

Fyret blei bygd ytst ute på ein 220 meter lang molo. I fyret bygde ein også bustad til fyrvaktaren med familie,4 værelser og kjøkken. Inne på land vart det bydg naust, uthus og fjøs.Det ble kjøpt et jordstykke på 8 mål, som skulle være nok til å fore en ku. 1.august  1879 blei fyret tent og fyrskipet blei avbemanna og selt.

I 1917 blei det satt opp ei større lykt med klikk apparat.

Bomba.

Fyret blei elektrisifert i 1930 frå det lokale straumnettet. Samtidig blei det ordnet med gassreserve til fyrlyset. Allierte fly gjekk til åtak på fyret to gonger i 1944, i august og oktober, og det blei sterkt skada.

Avfolka.

I 1956 blei fyret automatisert og avfolka. Det hadde då vore bemanna fyrteneste på Lepsøyrevet i 100 år- Først med båt og seinare landfyr.

Så var fyrlykta i bruk videre fra 1956, sjølv om fyret blei avfolka, heilt fram til 29.januar 2014

Landfyret var i bruk heilt fram til 29.januar 2014, men ble slått på igjen og lyste til 29.mars 2014.

Då er det slutt på 160 år med fyrteneste på Lepsøyrevet!

Og dette skjer medan venneforeningen er i full gang med oppussing.

Vi var ferdige med oppussinga i Fyret august 2016, då er og Lykta pussa, malt  og fin.

Vi har begynt på naustet, og skifta en vegg der, og to nye vindu er satt inn. Arbeidet pågår .

Lepsøyrevet Fyrstasjon.

I 3.etasje ser ein lykta gjennom eit vindauge.

  • Beliggenhet: På molo ved Gamlemshaugen.
  • Ca 15 km sjøveien nord for Ålesund.
  • 62:35,3 6:15,9
  • Gnr.177 B.nr 5 Haram Kommune.
  • Opprettet 1879.
  • Fyrbygning: Hvit betongbygning 11,5 m
  • Lyskarakter: Grp.okk. 2fm.
  • Sektorer: 2 hvite, 4 fargede.
  • Lysstyrke:4000cd (4.orden)
  • Lysets høyde: 10,8 m over høyvann.
  • Lysvidde: 4 n.mil
  • Brennetid: 16,7 - 21,5
  • Endret: 1956, lagt ned som bemannet fyr, Fyrlykt i samme tårn.
  • Fyrlykt slokket i 2014 29.mars.

Nyeste kommentarer

09.08 | 09:13

Hei. Flotte sider, unik fyrbygning, lykke til! Spørsmål: Jeg skri...

28.07 | 22:37

Jeg er så begeistret for Marit Lange Davik sine malerier. Hvor har hun sine ...

23.04 | 21:59

Jeg håper at Marit Lange Davik har en kunstutstilling i 2021. Hun har så f...

01.11 | 22:42

Takk for det